Trimpostvandringa 2021

    Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jun 2021

    Det var 85 som deltok i år, mot 102 personar i fjor. Altså eit lågare antal deltakarar. Vi skulle gjerne sett at det var fleire som var med, og vi trur også at det var fleire med, men at ein del har gløymd å levere inn kortet sitt. Uansett er vi godt nøgde med eit stort antal trimmarar. Aldersspreiinga har vore stor, alt frå barnefamiliar med små og større barn, folk midt i livet, og ikkje minst ein fin flokk av den eldre garde! Og folk har gått mykje på tur. Om vi tel antal turar og deler på antal deltakarar, kjem vi ut med eit tal på rundt 2 turar i veka i 6 veker for kvar deltakar. Veldig bra!

       

      Hovudmålet vårt er ikkje å lage ein konkurranse om å gå flest turar og å få flest mogleg poeng, men det er veldig artig at nokre gjer vandringa til ein konkurranse mellom seg og sine eller mellom venner ein inspirerer og motiverer. Vi gler oss over at det vert lagt ut bilde på instagram og facebook og at nokre sender bilde på MMS og epost. På den måten kan vi dele opplevingar og kanskje også bidra til at andre får lyst til å gå same turen.

       

      I år la vi til nokre små ekstra inspirasjonspunkt i trimperioden, som twist på 17. mai, natursti ei heil veke i Holemarka, premie til barn på 4 postar ei bestemt helg, og til slutt natursti opp mot Bruna i samband med Tomasløpet.

       

      Det er kjekt å få tilbakemeldingar på Trimpostvandringa undervegs, og vi tek gjerne i mot både ris og ros i etterkant. Dette handlar om å skape turglede og om å drive folkehelsevirksomheit. Vi veit at det ikkje berre er dei heilt store treningsøktene som gir resultat i form av betre helse, men den daglege vesle turen som er god medisin for både fysisk og psykisk form. Og vi veit at det er smart å legge grunnlaget for turglede og å bli kjend med og å bruke naturen medan barna er små, for då er det større sjanse for at dei vil vere aktive seinare i livet.

       

      Vi takkar Bunnpris i Straumgjerde og Nærbutikken i Velledalen for godt samarbeid og for sponsing av premiar. I tillegg har vi fått premiar av Holmbergs gartneri, Focus sport, Musea i Sykkylven og Gjensidige. Heilt supert med lokale aktørar som vil støtte arbeidet!

       

      Her kjem lista over vinnarar av årets gåvepremiar:

      1.Gåvekort Fokus sport: Helge Bay

       
      2.Gåvekort Fokus sport: Mariell Naustenget

       
      3.Gåvekort Holmbergs gartneri: Iwona Uchal

       
      4.Gåvekort Holmbergs gartneri: Andreas Nakken

       
      5.Gåvekort Holmbergs gartneri: Berit Bjørlo

       
      6.Gåvekort Musea i Sykkylven: Cecilie Naustenget

       
      7.Gåvekort Musea i Sykkylven: Torild Skogvold

       
      8.Turgodt Bunnpris: Inger Fet

       
      9.Turgodt Bunnpris: Tone Tandstad

       
      10.Kolonialkasse Nærbutikken: Sissel Sæther Hansen

       
      11.Sekk og sitteunderlag frå Gjensidige: Geir Olav Øien

       
      12. 2 turkrakkar: Benjamin Lundstad

       
      13.Sykkelhjelm frå Gjensidige: Alvilde Kristin Tandstad

       
      14.Matboks, turbestikk og sitteunderlag frå Gjensidige: Charlotte Bay

       
      15.Matboks, turbestikk og sitteunderlag frå Gjensidige: Sander Svenning

       
      16.Camp Velledalen –t-skjorte: Pernille Lervåg

       
      17.Camp Velledalen –t-skjorte: Andrea Brunstad Leirmo

       
      18.Konradløp-t-skjorte: Severin Skotheim Hjorthol

       
      19.Skobag og førstehjelpsveske: Roger Malvin Hole

       
      20.Velledalen IL kopp + kaffi: Magdalena Martini Dalene

       
      21. Velledalen IL kopp + kaffi: Ildri Bøe


      Premiane blir utdelt i løpet av veka.