Flott VIL-innsats i 15.utgåva av Mefjellet Opp

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jun 2021

Det kring sju kilometer
lange motbakkeløpet, Mefjellet Opp i Fjord kommune, samla 66 fullførande
løparar i dag. Av desse 17 kvinner, mellom dei May Evy Nesheim, som vann klasse
K 45-49 på tida 1.09.02. Det var sjuande beste kvinnetid, og det høyrer med til
soga at alle seks som slo May Evy var yngre enn henne.

Mellom herrane noterte
Frode Mauren best tid av våre, med 1.04.17. Den tida var drygt fire minutt bak
personleg bestetid. Det heldt til 5.plass i M 45-49 år, noko Frode ikkje var
nøgd med.

Friidrettsleiar Alf Petter
Bøe debuterte i Mefjellet opp. Han var med i kampen om sigeren i klasse M
50-54, men John Walderhaug vart kring minuttet for sterk denne gongen. 2.plass
til Alf Petter som gjorde det best i siste del av løpet.

Svein Arne Nakken fekk æra
av å vere eldste deltakar i løpet. Leverte solid og kom inn til tida 1.10.20,
som var best i klasse M 55-59 denne gongen

Vi tek elles med at Ole
Martin Korsnes leverte glimrande og senka den personlege rekorden sin med kring
sju minutt. Den nye lyder på 1.02.15.

Stian Mork tok ein fin
2.plass i klasse M 40-44 år med tida 1.09.36

Og all ære til tolv år gamle Steffen Mork som tok seg opp dei sju
kilometerane og 1100 høgdemeter på 1.18.08.

Beste herre uansett klasse: Kilan Jornet, Måndalen IL, 45.46

Beste kvinne uansett klasse: Johanna Åstrøm, Arc`teryx, 54.15

Løpet gjekk under gode
forhold med intervall-start (15 sekund mellom kvar løpar ut frå start).