Last Man Standing 2021 gjennomført
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jun 2021
Frode (initiativtakar) og fleire av deltakarane.Intiativtakar Frode Hoprekstad kan melde om at årets Last Man Standing er vel gjennomført.
Første livsteikn kom rundt kl. 10 då 21 km fordelt på tre under var unnagjort, og forma og humøret var på topp blant deltakarane. I tillegg til Frode var Per Inge Bjørnestad, Bjørn Arve Brune, Christina Holmberg, Emma Holmberg med på løpet frå start kl 7.
Klokka 15 hadde alle nemnde løparar 56 km i føtene og vel passert ultradistanse, noko som definerast som løp lenger enn maraton. Mellom anna Jan Erik Kaland hadde og føya seg til gjengen og vore med 49 km, og andre løparar hadde vore med på eit mindre tal etappar. Frode var spesielt imponert over Sigurd Fauske på 6 år som sprang saman med dei.
Pust og puls går veldig bra, kunne Frode fortelje. Litt sliten i beina var han, men stemninga i gruppa var heilt på topp, så her var det berre å halde fram.
Når Bjørn Arve hoppa av etter 70 kilometer og 10 rundar meldte han at karane var i godt driv, men var spent på korleis det gjekk med Per Inge som kjente det godt i leggane ved dette tidspunktet. Han sjølv følte at forma var kanonbra, men ville gi seg i tide då kneet gav signal om at nok var nok. Eit smart trekk for å unngå langvarig skade så tidleg i sesongen.
Frode og Per Inge hadde eit "hårete" mål på 16 rundar, noko som var ein runde meir enn fjoråret. Klokka 19 var det, ikkje uventa, berre det desse to som var att av gjengen som starta kl. 7.
To timar seinare var kilometerane godt merkbare, både i fysisk og psykisk. Stemninga var likevel bra, og no var målet berre tre timar unna. Rett før kl 23 nådde dei badeplassen på Andestad for siste gong, med kvar sine 112 km. unnagjort.
Velledalen IL takkar alle deltakarar for å hjelpe Frode gjennom dette stuntet, og ei ekstra takk til initiativtakaren sjølv som legg ned stor innsats før og under løpet, og lagar reine folkefesten på Andestad!
Sundag morgon meldte Per Inge og Frode at det ikkje blir noko anna enn ein roleg gåtur i godvêret.
Bilete og meir fakta vil dukke opp her på nettsida og på laget sin Facebook-profil.
NB: I Velledalen IL sin Strava-profil kunne Vegard Riksheim Tandstad, som for tida er ute med skade, melde om at VIL-utøvarar denne veka snart har passert 1000 km - noko som kan sjå ut som ein rekord!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024