Pauseprat på 1960-talet
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jun 2021
Før sommaren 1971 var
Slettegjerde grasbane den faste heimearenaen til Velledalen & Ringen
Fotballag. Ei rad friske kampar vart utkjempa der. Det store minuset med
arenaen var manglande garderobe-fasilitetar. Pausepraten tok ein skogen, og var
ein frimodig nok, kunne kven som helst møte der for å høyre slagplanen for
2.omgang.
På fotoet ser vi ei rad
kjende spelarar. I venstre kant på biletet har vi Einar Fet, Bjarne Alnes og
Erling Solsletten. I midten framme snur Lars Erstad seg bakover. Fotoet er tydelegvis
henta frå ein heit dag, sidan Rolf Lødøen, Arthur Kornberg og Odd-Kåre Fet (ikkje
ulik Tarzan) alle har teke av seg på overkroppen. Sigbjørn Fet har speledrakta
på, medan Svein Welle truleg har fått heteslag. Han har teke av seg
leggbeskyttarane og drege på seg overtrekks-trøya. I bakre rekkje ser vi tilskodar Harald Fet
med slips og ein ukjend kar i skjorte og solbriller.
Vi vil tru fotoet vekkjer
gode minne hjå mange.
Kom gjerne med kommentarar…….årstal,
motstandar
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024