115 fullførte Ørsta Fjellmaraton sist helg
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jun 2021
Ørsta Fjellmaraton vart
arrangert sist helg med Follestaddalen som base. Tre distansar (heilmaraton,
halvmaraton og 7,2 km) samla totalt 115 deltakarar. I tillegg drog eit eige
barneløp 60 deltakarar.
Klart størst deltaking på
halvmaraton, der vår mann var mellom 55 fullførande herrar. Alf Petter vart
nummer 21 på tida 2.42.31 – alt i ei «supe». Det vil seie at vi veit ikkje
korleis Alf Petter gjorde det mot personar på hans alder. Men vi vil tru at det
ikkje var fælt mange som slo han. Vi nemner at ein utflytt sykkylving,
Hallstein Vemøy, vart nummer 40 på 3.01.44.
Halvmaraton-løypa hadde
1350 høgdemeter.
Ingeborg Skogen, eks
Velledalen IL – no Volda Fjellspringarlag, vart nummer seks av 16 fullførande
kvinner i halvmarton på tida 2.52.33
Linda Hovde, eks Stranda,
var best av tre kvinner på heilmaraton. Då snakkar vi om ei løps-tid på kring
sju timar i ei løype med 2700 høgdemeter ute i terrenget. Slikt riv!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024