Njål med klubbrekord på 10 km under Bjerketravern

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jun 2021

Saman med sine gode kameratar, Jon Fiva og Knut Stensrød, deltok Njål
sundag på det 10 km lange Bjerketravern. Det kan høyrest ut som travløp, men
det dreier seg om løp for menneske på travbane (Bjerke). Noko dei færraste
truleg har gjort.

Njål seier fylgjande om
løpet til VIL-Nett:

 -
   

 Artig oppleving å
springe på ei travbane. Svært anlegg, men mange løparar, så alltid ein rygg å
jage

 -
   

 Blei litt sur i
låra på slutten, så under 34
   gjekk ikkje.
Men greitt med 34.08. Pers med tolv sekund, trur eg.

Njål kom inn som nummer
fire i eit stort felt med godt nivå.

 -
   

 Faktisk drog eg
store deler av løpet. Jon Fiva hadde meir å gi på siste kilometeren og avgjorde
kampen om 3.plassen der.

RESULTAT BJERKETRAVERN, 10 KM, SUNDAG 20.JUNI:

1. Anders Nøstdahl Gløersen,
Rustad IL, 31.31

2. Kristian F. Funderud,
Svinndal Ski & Triatlon, 33.36

3. Jon Fiva, Tyrving IL,
33.56

4. Njål Torillson Tyssing, Velledalen IL, 34.08

5. Lars Magnus Tangen, Noteam, 34.16

6. Aleksander Jæger, Øst-Bamble Løpelag, 34.19

7. Even Nikolai Kjennsbakk, Høybråten og Stovner IL, 34.39

8. Knut Stensrød, Noteam, 35.00

9. Marius Borger, Spydeberg IL, 35.37

10. Erlend Angelo, Namdal Løpeklubb, 35.42

Sidan det ikkje stod
klubbnamn bak Knut Stensrød, vurderer Velledalen IL å legge inn eit bod på han.
Skal vi tru friidrettsleiar Bøe kan vi til og med ta han usett.