Kjærkome oppsving for Tomasløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jun 2021
Ikkje overraskande vart
Per Inge Bjørnestad og Frode Mauren raskast opp bratte bakkar til endepunkt
Bruna i går. Per Inge brukte 19.34 på den 3150 meter lange løypa, Frode 20.41.
Begge to
var i aksjon dagen før under
Eikenosa opp, og dokumenterte sterk form to dagar etter kvarandre. Men der var
meir å glede seg over:
Gyls-rekord: I fjor sletta
Sivert Mosby Nakken faren sin Gyls-rekord i løpet, då han i duskregn sprang på
21.36. I år pressa han rekorden ned til 21.15. Eit signal til faren om at denne
rekorden får han aldri att!
På jente/kvinnesida var
Pernille namnet og legge merke til i går. Stor honnør til Pernille Ekornes
Skrede, Ikornnes IL, som vann jenteklassa på fine 28.26. Ei anna Pernille, o-gruppe leiaren i
Velledalen IL – Pernille Ibsen Lervåg, vann kvinneklassa på fine 22.27. Ho var
rimeleg nær Elida Fuglem sin rekord på 21,43, trass ein ganske spesiell inngang
til løpet. Fyrst natursti oppover
med
borna, så sprang ho ned att og nådde så vidt starten ved Bunnpris, før ho
kjempa seg oppatt side om side med mannfolka til beste kvinnetid. 20 sekund
raskare enn for to år sidan, til og med.
Vi veit ikkje om Pernille
tenkte på det, men dette var ei verdig markering av at det i desse dagar er ti
år sidan Velledalen IL oppdaga denne fantastiske kvinne – noko vi gjorde under
Tomasløpet i 2011. Den gongen sprang Pernille for to. Ikkje berre o-gruppa, men
heile laget, prisa kapasiteten hennar gjennom desse ti åra
Oskar Johan K. Hole
(Gjelleråsen IF) og Emilie Eliassen (Haugesund IL) stod for gledelege,
langvegsfarande innslag.
Kanskje er det Radka si
forteneste, men Velledalen IL har alltid kome godt ut av det med personar som
flyttar hit frå andre nasjonar. Denne gongen var over 20 prosent av deltakarane
i konkurranseklassa slike. Svært bra!
Hadde Tomas Tandstad vore
i målområdet i går hadde han likt det meste av det han såg. Men vi trur han
ville undra seg fælt over ungdomen. Kvar er jentene og gutane i tenåra….
Han ville likt at einaste
guten som deltok, Erling Johannes Tandstad (7), heitte Tandstad til etternamn.
Og guten frå Langevågen blir truleg ein storspringar. Han var nemleg fem-seks
minutt raskare i år enn under debuten i fjor. Men altså; ikkje ein einaste strandar/sykkylving
såg seg syn med å delta i guteklassa. Og vi tenkjer slett ikkje på 6- eller
7-åringar. Dei skal helst ikkje delta i slike løp, om dei då ikkje er spesielt
interesserte og i fylgje med vaksne. Men vi tenkjer på 13-åringar, 14-åringar,
15-åringar og 16-åringar……….
På slike dagar bør ein
sende kroppsøvingslærar Stein Ohr frå Frei ein venleg tanke. Han testa elevane
sine jamleg frå 1982 for å gi den einskilde sjansen til å jobbe rettare med å
få orden på helsa. Somme fekk til og med heimelekse i kondisjonstrening. På 30
år, kontrollert gjennom ei fast løype på vel tre kilometer i kupert terreng var
svaret vedkomande kondisjon;
Jentene tapte seg 1.23
minutt, medan gutane gjennomførte same distansen 3.14 minutt seinare enn
områdets 13-åringar klarte i 1985. Ohr sine studiar viste at ungdomsskuleelevar
for kring ti år sidan kort sagt var tregare, stivare, tyngre og orka mindre enn
foreldra sine då dei var på same alder.
Men heldigvis: Unntaka
finst, men det spørst om ikkje kroppsøvingsfaget bør opp-graderast i norsk
skule.
PS. Om nokon meiner at
kunngjeringa av Tomasløpet ikkje heldt mål, kan vi orientere om at løpet var
kunngjort med ei «2000-kroners annonse» i Nyss, og det var delt ut flygeblad i
alle postkasser i krinsane Velledalen og Tandstad.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024