Siste innspurt i Trimpostvandringa

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jun 2021

Foto: Anita Mosby Nakken
Bli med på siste innspurt i Trimpostvandringa 2021!


Søndag 20. juni er det klart for årets utgåve av Tomasløpet i Straumgjerde, og det fell saman med siste dag av Trimpostvandringa 2021
  .
   

Vi oppfordrar store og små turgåarar til å melde seg på (dei tøffaste som løparar!) opp til Bruna.

Påmelding for trimmarane undervegs ved drikkestasjonen eller oppe på Bruna. Pris i trimklassa kr 50 for enkeltperson, 100 for familie.


Dei som skal kjempe om dei raskaste tidane oppover dei bratte bakkane treng heiarop når dei kjem pustande og pesande opp. Her får vi trimmarar sjå vår oppgåve og heie dei framover!


Det kan vere lurt å rekne litt god tid på turen, sånn at ein er sikker på å kome seg opp i tide.


Undervegs finn dokke ein spennande natursti, og de kan sjølve sjekke svara når de kjem på toppen. Ta gjerne med noko å skrive med og på heimafrå. Det kan vere lurt å rekne litt god tid på turen, sånn at ein er sikre på å kome seg opp i tide. Og når ein kjem seg til toppen, ventar det sjølvsagt saft til alle tøffingane!


Alle som er påmeldt til Tomasløpet er med på trekning av ymse gåvepremiar når løparane har kome i mål.


Vi møtast ved grindaløa på toppen til ei kjekk, sosial «happening».


Til sist minner vi om at turkortet dykkar må leverast inn, utfylt med turdatoar, kodar, namn og telefonnummer, til Nærbutikken i Velledalen eller til Bunnpris i Straumgjerde. Laurdag 26. juni er aller siste frist for innlevering, om ein vil vere med i Trimpostvandringa si gåvetrekning.



GOD TUR!