Helset: - VIL-løparar får delta i sommarkarusell
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jun 2021

Arkivfoto
Ein ny Ålesund
Sommarkarusell står for døra, med fyrste løp onsdag 16.juni. Som vanleg med
valfri distanse, fem eller ti kilometer.
I Sunnmørsposten på nett
står det at berre deltakarar frå Ålesund, Sula og Giske kan delta. Men det er
ikkje heilt korrekt. I dag tok Per Jan Helset direkte kontakt med Velledalen
IL.
-
Det er rett at
arrangøren går litt forsiktig ut, men eg kan garantere at utøvarar frå
Velledalen IL får delta. Så her er det berre å melde seg på og møte opp, seier
Helset, som er relativt nær-slekta med kjende karar som Odd-Kåre og Einar Fet.
-
Håper du kan
bringe dette vidare til Velledalen IL sine løparar, slutta Helset samtalen.
Med dette er det gjort;
altså formtest i Ålesund onsdag 16.juni også for VIL-løparar, om dei
har lyst.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024