Ny "Last Man Standing" i juni

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jun 2021

ArkivfotoFrode Hoprekstad er eit "frikst" tilskot i VIL-familien. Han dreg med seg andre på trening, arrangerar små og store "stunt" og løp, i tillegg til at han legg ned mange treningstimar i ei normalveke. Han er ikkje redd for å legge ut på lange turar. Som til dømes 26. juni i år, når han for andre gong er initiativtakar bak eit "Last Man Standing"-løp.

Konseptet er å springe sju kilometer så mange gongar ein "har lyst" på ein dag, med start kvar heile time.

"Bjørn Arve Brune, Per Inge Bjørnestad og Øyvind Vebenstad har allereie meldt at dei vil vere med meg frå start

 kl. 07:00 frå badeplassen i Andestadstranda på laurdagsmorgonen" fortel Frode. Han legg opp til å bruke ein plass mellom 40 og 50 minutt på dei sju kilometerane, og tek ei lita kvild før dei igjen legg ut kl. 08:00. Vidare er det altså ny start kvar heile time, og
 farta tilpassast dei som er med på den aktuelle etappa.

For Frode er det viktig å få med så mange som mogleg gjennom dagen. For nokon er det nok med ei etappe, andre vil kanskje vere med på fleire. "I fjor var det til saman 13 personar. Det hadde vore kjekt om vi var enda fleire enn det i år!" fortel han.

Så då veit du det - stiller du opp ved badeplassen ein eller anna gong i løpet av 26. juni har du eit fint treningsfølge den neste timen.

Og kor lenge held dei på...? "I fjor gjorde vi (Frode, Bjørn Arve og Per Inge) 15 startar (105 km.) før vi takka av. 16 er målet i år" avsluttar Frode. Så det kan med andre ord nærme seg midnatt før karane pakkar ihop sakene sine.