VIL-løparar sprang testløp
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jun 2021
F.v.: Sivert, Bjørn Arve, Vegard, Andreas, Frode, Alf Petter, Fridtjof og Per Inge
Laurdag 5. juni stilte åtte av Velledalen IL sine løparar til eit sjølvorganisert mil-løp for å teste tidene sine. Ein fin indikator på forma, og ei særs god treningsykt. Då "Ålesund Sommerkarusell" sine fem- og ti-kilometersløp ikkje er muleg å ta del i for Sykkylvingar, skal ein ikkje sjå vekk frå at det blir fleire slike arrangement i heimbygda gjennom sommaren.
Friidrettsleiar Bøe kunne melde om 20 grader og fint opphaldsvêr. Løpet laurdag var ein uoffisiell debut for Velledalen IL si nysignering Fridtjof Fredriksen. Legg og merke til Bjørn Arve Brune si splitter nye klubbtrøye. Kledelig!
Ut frå tidene kan ein sjå at VIL har løparar i god form:
Per Inge Bjørnestad, 37:55
Bjørn Arve Brune, 43:40
Alf Petter Bøe, 41:23
Fridtjof Aure Fredriksen, 42:08
Frode Hoprekstad, 43:40
Andreas Mosby Nakken, 41:28
Sivert Mosby Nakken, 45:49
Vegard Riksheim Tandstad, 39:00
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024