Siste innspurt i Trimpostvandringa 2021 – eller første start?

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jun 2021

Har du ikkje starta enno, så er det berre å setje fart! Alle som registrerer turane sine og leverer inn turkortet ved avslutninga den 20. juni, har gode vinnarsjansar i trekninga av mange flotte premiar!

  (Turkort får de på Nærbutikken i Velledalen og på Bunnpris i Straumgjerde)


  Laurdag 5. juni og søndag 6. juni
   er barna sine dagar. Alle mellom
  0 og 15 år
   som registrerer tur på ein av dei postane som er lista opp under, vil finne seg ein premie som dei kan ta med seg heim. Kanskje noko dei kan få bruk for på neste tur???


  Premiane finn ein her:

  Brunstadsætra

  Sætreelva i Holemarka

  Skogsvegen på Fet

  Skogsvegen på Straumsheim


  Det blir lagt ut eit antal premiar, men det er ikkje lett å vite kor mange som kjem til å besøke kvar plass. Det vil derfor ligge informasjon på posten om kva ein gjer om alle premiane allereie er henta av andre. Så ikkje ver redd – det er premie til alle i målgruppa.


  Vi vil gjerne dele ut så mange premiar som mogleg desse to dagane.


  GOD TRIMPOSTVANDRING!