MiniKonrad vert arrangert på Dalemyra 3.juli
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Mai 2021
Arkivfoto
Dalemyra grasbane vart
opna med fotballturnering 2. og 3.juli 1971.
Laurdag 2.juli vann VRF over
Stranda, medan Hødd tukta Sykkylven IL.
Slik
vart det VRF-Hødd i finalen sundag 3.juli. Ein kamp VRF vann 1-0, berre få år
etter Hødd hadde spela på høgaste nivå i Noreg.
3.juli 2021 skal bana og
heltane gjerast stas på. Klokka 13.00 denne dagen går fyrste start i yngste
klasse i MiniKonrad. Arrangementet vil gå etter gjeldande smitteverns-reglar,
som betyr at det mellom anna ikkje vert vanleg premieutdeling inne på
grendahuset. Men alle deltakarar vert sjølvsagt premierte, like etter dei har
kome i mål.
Seinare på kvelden vert
alle VRF-spelarane (med fylgje) som var med å senka Hødd-skuta 3.juli,
inviterte på eit måltid i regi Velledalen IL sin klubbkokk, Sondre Bårnes. Her
blir folk som sat i VIL-styret i 1971 også inviterte, og sjølvsagt sentrale VIL-personar
anno 2021, til ein retteleg mimrekveld.
Kryss av 3.juli som viktig dato. Og dagen startar med MiniKonrad for
aldersgruppe 0-5 år klokka 13.00. Staden er Dalemyra!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024