Tomas-løpet vert arrangert 27.juni
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Mai 2021
For den som ikkje veit
det, er Tomas-løpet eit motbakkeløp i Straumgjerde, som har namnet sitt etter
Tomas Tandstad. Løpet har ei mosjonsklasse utan tidtaking, men med fleksibel
start, og ei «avdeling» med fellesstart og tidtaking. I 2020 sprang 19 på tid,
23 utan.
Datoen for årets løp er
altså sett til sundag 27.juni. Vi kjem tilbake med fleire opplysningar når
dette ligg føre frå VIL friidrett og langrenn, som står for arranementet. Nemner til slutt at Elida Fuglem, Valldal IL
og Constantin Rust, Velledalen IL, stod seg best opp bakkane i 2020. Løyperekorden
i løpet er det Kjell Magnar Berli som har.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024