O-løp i Molde sundag 30.mai
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mai 2021
I skrivande stund er 11
løparar påmelde til løpet i Molde. Alle anten frå Emblem eller Molde. Vi veit
at fleire av VIL-løparane er opptekne med andre gjeremål denne dagen, men vi
håper vi vert representert.
Oppslutninga kring
treningane siste veka har vore imponerande. Sist torsdag møtte kring 70 personar,
2.pinsedag om lag 45. Med andre ord ein fantastisk start for «Sessvatn-kartet».
Fotoet syner at
orientering er aktivitet for alle aldersgrupper. Sofie har denne dagen funne
o-selskap av farmora Sølvi i jakta på postane.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024