Ny tsjekkar til Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mai 2021
Fyrste tsjekkar i
Velledalen IL var Michael Uhlar. Han kom inn som eit friskt pust under «Åge-treninga»,
eller herretrimmen, der fotball var dominerande aktivitet. Dette er godt over
ti år sidan. Michael var ung og sterk, ein retteleg atlet. Han deltok mellom
anna i Alperittet (frå R
oalden til fjorden) på snøbrett. I 2010 sprang han
Konradløpet på16.34 (tsjekkisk rekord).
Michael
har no flytta frå Sykkylven, men var tilbake ei påske for ein del år sidan…. og
sprang Konradløypa på 17.15 med barnevogn!
Den neste som kom var Radka
Vosicka. Ei blid kvinne som i fleire år har vore ein positiv bidragsytar i VIL-miljøet.
Radka er sterk i alt som er langt, seigt og bratt. Om det er fjell-løp eller
etter landeveg spelar lita rolle. Ho er i tillegg ein habil symjar og framifrå
syklist, som gjer henne til VIL sin beste triatlon-utøvar. Radka har
VIL-rekorden i maraton på kvinnesida, sett i ei hard løype på Sekken i Romsdal.
Radka er kåra til «Årets Idrettskvinne» i Velledalen IL.
Så har vi ferskingen Jakub Hejl, «sykkel-fiksaren» hos Intersport i
Sykkylven. Han kasta seg denne veka ut i langløypa i orientering ved Sessvatnet
på Ikornnes. Litt bom vart det, men det er trass alt seks år sidan han har
praktisert orientering. Men pågangsmotet er i orden, og det viktigaste er at
det gav meirsmak.
Komande helg vil
mannen, som synast å vere ein skikkeleg friskus, til Molde på o-løp der.
Vi ynskjer Jakub hjarteleg velkomen i
Velledalen IL sine rekkjer.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024