Er du på veg mot å bli sprintar, Njål…?

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Mai 2021

Njål imponerer på alle
distansar. Aller mest i lange løp som heil- og halvmaraton. Men også på 5 og 10
km. 16.40 på fem kilometer er solid. Så solid at omrekna til Konradløp-tid
snakkar vi ned mot 15.00. Så fort har ingen sykkylving nokon gong sprunge i
dette løpet.( Raskast er Kjell Magnar med 15.05).

Dei tre utøvarane frå
Osloavdelinga som var i aksjon i helga viser at det gode treningsarbeidet held
fram, om pandemien er aldri så seig.

Alle er velkomne til å
melde private løps-testar – uansett tempo -
   til nettsida.