80 år, og på toppen av bølgja!

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mai 2021

Kilometerstanden på Elling
Ivar Hole er høg. Men tilstandsrapporten er framifrå. Trimboksesongen vi er
inne i, hadde start i byrjinga av oktober. Trass ein vinter med periodevis
sprengkulde og mykje snø, dreg Elling seg mot 90 turar på Myrdalsfjellet. Der
er han «Konge», og uråd og slåst mot. Alle som har prøvt har feila.

Fyrste gongen vi finn
Elling sitt namn i Velledalen IL sine møtebøker er i 1962. Som billettør under
det fyrste storrennet i Brunstadbakken. Rennet Arne Larsen vann. Dette var
truleg før han møtte Ingrid frå Bremanger, som skulle bli kona hans nokre år
seinare.

Roger Malvin kom til verda
i januar 1966, som den eldste av tre born. Og nettopp Roger, var nok den som
gav Elling band til idretten. Roger likte å ta seg opp i Holegarden til dei
eldre gutane. 6-10 år eldre, til og med. Desse hadde i sin barndom sprunge
mykje i ulike løyper på tid. Og kom Roger opp i garden kunne han risikere å få
spørsmålet:



  -
   
   




 Er du sugen på
eit løp…?

Roger Malvin – eller «Hampton»
som han vart kalla – var aldri tung å be. Snart var ei gul notisbok på plass i
baklomma. Der stod tidene hans på ulike distansar. Rett som det var tusla han
kry og lukkeleg ned att på Holen med ein ny rekord i baklomma. Slik vart Roger
hekta, og langrenn vart neste sport.

Før Elling visste ordet av
det, var han både ski-smørjar og sekundant i eit humørfyllt team der også
Kaspar Fet, Leiv Drotninghaug, Sigbjørn Brunstad og Leif Jarle Nakken var nokre
av dei andre aktørane. Brått vart han sekretær i hovudstyret, der han hadde
fleire gode år på slutten av 70-talet og tidleg 80-tal. Marknadsnemnda var ein
annan arena han vart valt inn.

Denne tida skulle flest
mogleg i idrettslaga ta krava til idrettsmerke. Det var konkurranse mellom laga
om å få flest prosent idrettsmerketakarar. Eit av desse åra tok over 30 prosent
av dei vaksne VIL-medlemane krava i «hopp, løp og kast – og kondisjon». Den
tida var krava harde, øvingsutvalet lite. Som u-trena mann i slutten av 30-åra
var det ikkje vidare enkelt å skulle springe 5000 meter på 23.45 ( omrekna til
i underkant av 21.30 på Konradløpet)– med lett stigning mot slutten av løpet.
Elling veit litt om akkurat dette!

Så vart Roger vaksen og
flytta ut or «reiret». For Elling gjekk livet over i ei rolegare sportsleg
fasa. Endeleg kunne han puste ut….Det var ikkje fleire ferjer med beinhardt
tidspress som skulle nåast på ei stund. Og han let seg heller ikkje imponere
storleg av kona Ingrid, som var ein ivrig turgåar. Ikkje i fyrste omgang, i
alle fall……

Men etter kvart som åra
seig på kom han i tankar…. Han hadde sett at turgåing hadde hatt ein positiv
effekt på mora, ho Hol-Lina, i høg alder. Og han kunne ikkje unngå å bli
imponert over systera og næraste nabo, Kjellaug Ulset. Ho hadde til og med full
pott som deltakar i Konradløpa, noko Elling heldt seg unna. Ein stad måtte
grensa trass alt gå….

Nytt århundre, og sakte
men sikkert, vart Elling Hole sitt namn stadig oftare å sjå på trimpostane.
Lenge med trimpostane «sætreelva i Holemarka» og «Myrdalsfjellet» som
spesialfelt. Vidare deltok han i «Koldabakken Grand Prix». Den tok han med «kaldstart»
og pulsauke frå 60 -170 slag i minuttet i løpet av 30 sekund. Elling skal visst
nok vere ein av dei i verda som har gått frå kald til gloheit på kortast tid,
vert det hevda.



  -
   
   




 Livsfarleg for
ein aldrande kar ville somme sagt, men Elling tolte slikt, og har fleire gonger
vore eldste deltakar der.

Notida kjenner dei fleste.
Elling har vorte ein racar. Vinn minst ein trimpost kvart år. Siste året var
han eldstemann på topp-10 samanlagt med sine 79 år. Han måtte opp i 1764 poeng
for å berge 10.plassen. Høgare enn nokon gong før. Elling var den einaste på
topp-10 som hadde vore på alle 14 postane. Her fylgjer ei oversikt over alle
Elling sine 230 turar til VIL-trimpostar i perioden oktober 2019 til oktober
2020:

132 turar: Myrdalsfjellet

   47 turar: Sætreelva i Holemarka

   16 turar: Skogsvegen Hjorthol

   10 turar: Koppen

   7 turar: Bruna Straumgjerde

   4 turar: Brunstadsætra

   4 turar: Regndalen

   2 turar: Skogsvegen Drabløs

   2 turar: Skogsvegen Fet

   2 turar: Vellesætra

   1 tur: Dammen Riksheimdalen

   1 tur: Høgsætra

   1 tur: Brunstadkølen

   1 tur: Holetindane

Kjelde: Nils Terje Skylstad

Hadde Elling budd i
England hadde han vorte omtala som ein «late bloomer». Her i Velledalen «dyrkar»
vi slike. Konrad Brunstad sprang fire halvmaraton i ålesund, og var 86 år då
han debuterte. Slike karar er som god krydder, både for eit lokalmiljø og
idrettslag. Kva Elling kan finne på i framtida er det ingen som veit….

   Sikkert er det at Velledalen IL er stolte
av å ha karar som Elling Ivar Hole i rekkjene sine. Gratulerer med dagen,
Elling!

Atle Jomar

Nabo og VIL-nestleiar, og
mannen som nesten tok livet av deg då du skulle springe 5000 m til idrettsmerke
då du var i slutten av 30-åra.

PS. Med sine 80 år er
Elling no den eldste heimebuande karen på Hole – ein posisjon han kan halde
lenge!