Hilmar frå Måløy best på halvmaraton i Sykkylven
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mai 2021
Frode Hoprekstad var
initiativ-takar til eit halvmaraton-løp i Sykkylven laurdag 8.mai. Starten
gjekk frå «Ripe-huset» i Grebstaddalen. Vidare gjekk løypa i relativt flatt
lende mot Ramstadalen, vending, og tilbake ti utgangspunktet.
Best tid noterte Hilmar
Kråkenes frå Måløy med sterke 1.18.25. Nærast kom Kristoffer Nonstad frå
Ålesund med 1.21.39. Yngstemann av Velledalen IL sine fem løparar, Vegard Riksheim
Tandstad, dokumenterte solid form. Han kom inn kring fire minutt raskare enn
mora, Inger, nokon gong har sprunge halvmaraton. Av dei over 50 år, var Per
Inge Bjørnestad best med framifrå fine 1.22.04
Alle tidene:
1.18.25: Hilmar Kråkenes,
Måløy
1.21.39: Kristoffer
Nonstad, Ålesund
1.22.04: Per Inge
Bjørnestad, Velledalen IL (50-54 år)
1.23.35: Vegard Riksheim
Tandstad, Velledalen IL (30-34 år)
1.27.08: Bjørn Arve Brune
, Velledalen IL (55-59 år)
1.28.47: Alf Petter Bøe,
Velledalen IL (50-54 år)
1.34.13: Fridtjof
Fredriksen, Noteam, (55-59 år)
1.35.28: Frode Hoprekstad,
Velledalen IL (50-54 år)
Som vi ser svært sterke tider av VIL-veteranane.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024