Kvifor har vi eit Konradløp i Velledalen…….?
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2021
Aldri for seint.
Lærdomen av det Konrad Brunstad stod for, må vere: Det vert aldri FOR
seint. Aldri for seint å byrje med fysisk aktivitet. Konrad var 86 år då han
debuterte som halvmaraton-løpar – i Ålesund i 1996. Tida var ikkje viktig, men
den vart 3.10.16. Året etter visste han meir kva han gjekk til, og tida vart
pressa ned til 2.48.30. Han gjorde to halvmaraton til i Ålesund. Det siste i
1999, som 89-åring. Året før han døydde.
Vart inspirert i USA.
Men la vi gå til starten. Kva var det som inspirerte
Konrad Brunstad til å byrje med fysisk trening…? Jau, det var ein tur til Amerika på
1980-talet saman med Arne C Brunstad (Brua-Arne). Konrad var då om lag midt i
70-åra. Og han la merke til at i Amerika var det mange som jogga. Og slett
ikkje berre «strøkne» menneske. Han såg unge, gamle, smale og breie, stor og
lita fart. Dette inspirerte Konrad. Dette kunne han også greie….
Debuterte som 86-åring.
Vel heime igjen byrja han prøve denne jogginga. I
starten når ingen såg han. Og han merka at han greidde meir og meir. Han byrja
ta eiga tid opp til Vellesætra, og om natta jogga han runden som vi i dag kjenner
som Konradløpet. Om natta fordi han meinte lufta var reinast då. Eller han
gjekk på Koppen grytidleg om morgonen, eller dreiv hardt kropsarbeid i
vedaskogen. Sakte, men sikkert byrja rykte gå om at Konrad hadde vorte «idrettsmann».
Han vart trimpostvinnar samanlagt. Og han dreiv seg hardt. Men ingen i
Velledalen visste noko som helst om at han hadde meldt seg på til Ålesund
Halvmaraton i 1996 (25 år sidan i år).
-
Vart fort varm nok. Personleg vart eg like etter løpet kontakta av
sportssjefen i Sunnmørsposten. Han ville vite om eg kjende ein kar som heitte
Konrad Brunstad, ein orginal kar som hadde debutert der ute – som 86-åring.
Ikkje varma han opp slik dei andre heller.
Han hadde sagt at: «han fort
nok ville bli varm nok når løpet starta».
Og
han var visst nok litt utanom «standard» i sko- og klesvegen. Etter debuten vart Konrad fast innslag i
Ålesund Halvmaraton. Han gjorde sitt fjerde løp i 1999, året før han døydde.
Kreft i bukspyttkjertelen kunne ikkje kurerast med sunn livsstil, skulle det
vise seg. I 2000 døydde Konrad, 90 år gamal.
Konradfilmen.
Det var Ole Petter Berge som sa orda:
-
Han Konrad skulle
hatt sitt eige løp, han.
Då hadde Ole Petter som
Brunstad-mann vore i gravferda til Konrad, og der sett ein tankevekkande film
laga av slektningen til Konrad, Odd Kvammen.
I 2002 fekk Konrad sitt eige løp.
Arrangert i hans eiga morgonløype. Eit løp for alle.
Der farta ikkje var det viktigaste. Premien for 10 deltakingar er lik anten du
mest spring vitet av deg, eller om du spaserer gjennom heile løypa. Folk har
frå fyrste stund lagt sin elsk på arrangementet. Soga om livsstil-endringa til
Konrad har folk i alle aldrar trykt til brysta sine. Og filmen om han, vist i
hans eiga gravferd, har Velledalen IL fått i gåve av Odd Kvammen. Eit framifrå stykke
arbeid som krydrar samkoma i grendahuset under alle Konradløp.
Konrad Brunstad sin statistikk
Ålesund Halvmaraton:
1996 (86 år): 3.10.16
1997 (87 år): 2.48.30
1998 (88 år): 3.24.23
1999 (89 år): 3.25.09
PS. Berre ein einaste
gong, såg eg Konrad Brunstad ute på morgonrunden sin. Rett nedom Gunn Solberg
sitt hus på Brøvoll. Klokka var 04.50. Datoen var16.november 1993. Eg var på
veg til fødsel i Ålesund. Ellen ville ut.
Atle Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024