3115 grasrotkroner i april

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2021

Dermed er april månad den
beste av dei fire vi har lagt bak oss i 2021. Medan dei tre fyrste alle låg
like under 3000 kroner, tok vi i april steget over.

April månad fire siste år:

2018: 1795 kroner – 82 spelarar

2019: 2194 kroner – 90 spelarar

2020: 2594 kroner – 103 spelarar

2021: 3115 kroner – 106 spelarar

  -
   

 Fine tal, seier
kasserar Henning Tandstad i ein stutt kommentar.