1.27.43 er bestetida til Inger Riksheim på halvmaraton

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Apr 2021

VIL-Nett er tydelegvis eit effektivt organ. Vi etterlyste
fakta kring Inger Riksheim og Nancy Eggen sine bravadar på distansen halvmaraton,
og det tok ikkje mange timane før vi var klokare.


Frå Simo-garden på Tandstad vert det meldt at Inger
gjorde fire løp under Sykkylven Halvmaraton. Debuten fann stad i 1985, som
utøvar for Ikornnes IL, gjorde Inger brillefine 1.28.15.

I 1986 deltok
ho ikkje, men gjorde tre løp på rappen i 1987, 1988 og 1989. Då som utøvar for
Sykkylven IL. Best tid av desse åra noterte ho i 1987 (som 30-åring) med sterke
1.27.43. Med andre ord er det denne tida sonen, Vegard, har sett seg mål om å
slette.

Så har vi leita i VIL-arkivet vedkomande Nancy Eggen, som
i 2010 sprang Ålesund Halvmaraton på 1.38.50. Same år sprang Nancy Geiranger
frå fjord til fjell (halvmaraton) på 2.19.22. Nummer
  tre i klasse 40-44 år og nummer ni av 28
kvinner står det å lese på VIL-Nett. Og son til Nancy, Marius, vann like så
godt same år sykkelklassa i 20-29 år på tida 1.21.37. Som om ikkje dette var
nok; mor til Nancy gjekk Geiranger-marsjen. Og det beste av alt; der står i
klår tekst at Nancy Eggen i 2010 representerte Velledalen IL.

Gratulerer Nancy, du har klubbrekorden for Velledalen IL
på halvmaraton for kvinner! Topp-4 ser slik ut:

1. Nancy Eggen 1.38.50, - Ålesund

2. Pernille Ibsen Lervåg 1.39.52 – København

3. Radka Vosicka 1.40.06 – Ålesund

4. May Evy Ne
 sheim 1.42.54 – Ålesund

Siste
åra har VIL-kvinnene kome sterkt på lange distansar. Mange fleire enn desse fire
har sprunge halvmaraton.
   Det tykkjer vi
er flott –

uansett
fart.