Hipp hurra for Frode – fyller 54 år i dag!

    Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Apr 2021

    Nyleg markerte nettsida at
    Per Inge Bjørnestad er i sitt fyrste år i klasse M 50-54. I dag er turen komen
    til Frode Hoprekstad, som i 2021 er inne i sitt siste år i same klasse.

    Friidrettsleiar i
    Velledalen IL, Alf Petter Bøe,
       har
    gledeleg mange spreke veteranar i stallen sin. Ein av desse ber namnet Frode
    Hoprekstad, og kom til verda 10.april 1967. Ein kar som vert ivrigare di eldre
    han vert – og betre. Noko vi kan dokumentere.

    Av EQ-timing sine
    statistikkar ser vi at han sprang 5 km under karusell-løpa i Ålesund som
    50-åring på tida 22.49. Han hadde også nokre milløp bak seg før han debuterte i
    Ålesund halvmaraton som 51-åring på tida 1.44.48. Denne tida pressa han ned til
    1.38.51 under Ålesund Nyttårsmaraton same år. Som 52-åring gjorde han 1.35.37
    under Trondheim halvmaraton. Og som 53-åring debuterte han på heilmaraton i
    Ålesund med sterke 3.30.40 dagen før nyårsaftan i 2020.

    Siste løpet til Frode på
    EQ-timing lista skriv seg frå 12.mars 2021. Vinterkarusell i Ålesund. I same
    løype som han som 50-åring gjorde 22.49 i 2017, sprang han som 54-åring på 21.25.
    Framgang på 84 sekund på fire år i godt moden alder. Noko ekspertar på feltet
    ville omtala som ei rivande utvikling.

    Trenden er litt den same i
    Konradløpet, der Frode Hoprekstad står med tre deltakingar. Debuten gjorde han
    som 44-åring på tida 19.56. I siste løp som vart arrangert
       - i 2019 – gjorde Frode18.53 som 52-åring.
    Med andre ord: Betre med stigande alder!

    Vi ynskjer alt godt for
    Frode på dagen, og måtte han snart få fleire løp å bryne seg på!

    Velledalen IL gratulerer!!