Undrast du på vêret i komande veker

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Apr 2021

Det har kome meg
for
 ø
 yre at vervarsel fr
 å
  Velledalen IL sine klubbmeteorologar er
sakna.

For min del er eg glad
eg ikkje har vore ute med noko varsel rundt nyår, slik eg har gjort nokre år.

Når sant skal
seiast, så ville varsla mine for januar og februar vore nokså mislukka.

Palmesundag 28.
mars var det fullmåne i vest/nordvest, noko som skal bety kaldt og ufyseleg ver
med regn, sludd og snø fram til omlag 12. april. Så fram til den tid kan
det hende Frode Mauren og fleire ivrige trimmarar finn det likast å nytte
tredemølla innadørs.

Midt i april tenner
nymånen i nordaust, noko som truleg betyr turt og relativt kjølig ver ei stund.

Dersom det skulle
verte Konradløp 1. mai, vil det gå i mildt og fint vårver, kanskje med litt
duskregn.

11. mai tenner
nymånen nokså rett i nordvest, og dagane rundt 17. mai ser det ut til å bli utriveleg
ver, med litt regn og surt. Det kan også bli snø då.

Slik eg tolkar
almanakken og månen sine vendetider, vil det frå ein gong i slutten av mai bli
skikkeleg varmt og godt sommarver. Denne vertypen ser ut til å vare heilt
til Jonsok. Deretter vert det kjøligare. Juli ser kald ut, med
nokre dagar innimellom som kan bli ufyselege.

Eg
minner om at eg berre spår veret, men det er Gud som bestemmer korleis det skal
verte.

Bruahaugane, 3.
april 2021

Per-Gunnar
Holmberg, ein av klubbmeteorologane i Velledalen IL.