Kjell Skogvold held stø kurs på Vellesætra

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mar 2021

Det er gledeleg med litt
variasjon mellom dei beste. Då meldaren vår var innom posten, sundag 14.mars om
lag klokka 14.15, viste det seg at fjorårsvinnaren, Alf Petter Bøe, hadde
sleppt seg ned på fjerde plass. Føre han på lista låg solide trimpost-namn som
Arnhild Linga og Torhild Skogvold. Begge ivrige mosjonistar gjennom mange år.
På toppen av lista trona tidlegare alpinleiar i Velledalen IL, Kjell Skogvold.
Vi garanterer ikkje, men trur det vert hans fyrste triumf i «faget» om han vinn
denne posten. Han vert lei å hente inn att!

Slik vart stoda på Vellesætra sundag 14.mars:

74 turar: Kjell Skogvold

43 turar: Torhild Skogvold

29 turar: Arnhild Linga

22 turar: Alf Petter Bøe

19 turar: Anne Britt
Hammer

Like ved:

15 turar: Inger Anne
Brunstad

14 turar: Svein Helge
Hjorthol

11 turar: Julie Brochmann