Hinderløp vert ein del av Norges Friidrettsforbund

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mar 2021

Som sikkert dei aller
fleste veit har Velledalen IL to sterke OCR-løparar i rekkjene sine i Anette
Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen. Dei set stor pris på å kome inn under
Friidrettsforbundet.

  -
   

 No kan det bli
arrangert NM og det kan eventuelt bli landslag innanfor sporten vi driv, skriv
dei til VIL-Nett.

Norges Hinderløpforbund
(NOCRA) skriv:

 -
   

 Vi er stolte over
å ha signert tilslutningsavtalen med NFIF. Gjennom samarbeid kan vi endeleg
formalisere hinderløp som offisiell idrett i Norge, uttalar leiar i NOCRA Hege
Jeanette Henriksen.

Frå Friidrettsforbundet
heiter det:

 -
   

 Vi ser fram til
godt samarbeid kring utviklinga av hinderløp i Norge, og ser fram til covid-19
situasjonen endrar seg slik at vi igjen kan møtast på arrangement.

Hinderløp vert sagt å vere
verdas raskast veksande sport. På verdsbasis har den fleire utøvarar enn
maraton, halvmaraton og triatlon til saman. I Norge vart det i 2019 arrangert
rundt 20 ulike løp, der det største samla over 4000 deltakarar.

Eit nyhende å glede seg
over, og vi ynskjer Anette og Nikolai ein god sesong med mange løp – i alle
fall etter kvart….