Kva tuska ein 38-åring med i 1981……?

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mar 2021

I 1981 – for 40 år sidan - var Bård familiemann med same kone som i dag. Han budde, då som no, på Erstad. Diverre
har vi ikkje kunnskap om Bård Erstad sitt heile og fulle liv i 1981. Vi har
meir enn nok med å halde kontroll over det sportslege. Kos dykk!

Bård Erstad sitt sportslege liv i 1981:

Bård Erstad sat i
langrennsgruppa til Velledalen IL dette året (der sit han enno). Saman med
Hallstein Drabløs (leiar), Svein Hjorthol, Jan Bolstad og Bjørn Lade.

Han gjekk ei rekkje
skirenn dette året:

15 km på Fjellsætra 18.
januar, klasse D:

1. Bård Erstad, Velledalen IL,52.41

2. Berth Wilhelmsen, Sykkylven IL, 56.21

3. Svein Arne Hoel, Emblem
IL, 59.22

4. Odd Arne Skogen, Emblem
IL, 1.01.35

5. Arne Bjørgengen, Emblem
IL, 1.02.10

6. Elias Kvangarsnes,
Ålesund Skiklubb, 1.05.50

15 km Vaksvikfjellet
24.januar, klasse D:

1. Bård Erstad, Velledalen
IL, 41.17

2. Berth Wilhelmsen,
Sykkylven IL, 42.26

3. Jan Modell, Ravn, 42.46

Områderenn på Stranda, klasse D:

1. Bård Erstad, Velledalen IL, 51.34

2. Kjell Storås, Eidsdal IL, 57.41

3. Kjell Tafjord, Eidsdal IL, 58.32

15 km Sykkylvssprinten, klasse D:

1. Bård Erstad, Velledalen IL, 52.57

2. Kjell Tafjord, Eidsdal IL, 1.05.57

Tidleg i februar gjekk Bård 1.etappe på Velledalen IL sitt stafettlag
(3X10 km) som vart nummer fire i KM, bak Ørsta IL, Eidsdal IL og Volda
T&IL.

Fylkesmeisterskap langrenn, Bondalseidet 28.februar, klasse D:

1. Arnfinn Rekkebo, Grøa,
45.13

2.Gunnar Ansnes, Ulvungen,
47.31

3. Bård Erstad, Velledalen
IL, 48.08

4 Steinar Bratli, Ørsta
IL, 49.01

5. Odd Hoel, MOI, 49.19

6. Per Atle Røe, Ørsta IL,
49.29

7. Berth Wilhelmsen,
Sykkylven IL, 49.43

FM, 3x10 km stafett
1.mars:

Bård gjekk på Velledalen
IL sitt lag som vart nummer seks (berre Ørsta IL betre frå Sunnmøre) saman med
Pål Rune Fet og Atle Hole. Laga føre Velledalen IL på resultatlista var:
Ulvungen IL, MOI sitt 1.lag, Ørsta IL sitt 1.lag, Betna IL og Aure IL.

Kubberennet, turlangrenn Emblem, klasse M5:

1. Bård Erstad, Velledalen IL, 1.49.30

2. Berth Wilhelmsen, Sykkylven IL, 1.51.46

3. Per Atle Røe, Ørsta IL,
1.54.30

4. Steinar Bratli, Ørsta
IL, 1.56.02

5. Ottar Løvoll, Ørsta IL,
1.56.30

6. Lars Jostein
Norangshol, Norangdal IL, 1.59.32

7. Sivert Sellereite,
Norangdal IL, 2.01.20

8. Ole Grønning, Valldal
IL, 2.03.35

9. Jan Modell, Ravn,
2.03.40

10. Bjørn Harald Harrkjer,
Hareid IL, 2.05.55

Holmøyskarrennet i
Nordfjord vart dette året arrangert i uvêr. Resultat klasse M 5:

1. Magne Myrmo, Rennebu IL,
1.43.01

2. Olav Osdal, Lavikdal
IL, 1.50.51

3. Bård Erstad, Velledalen
IL, 1.56.26

4. Tormod Noste, Eid IL,
1.57.29

5. Ola Dokseth, Jølster
IL, 2.06.24

6. Jørgen Vollsæter, Sunnylven IL, 2.06.47

7. Ole Grønning, Valldal IL, 2.07.00

Fjellsæterrunden (med Bård som løypesjef), 27 km turlangenn, resultat
klasse M 5:

1. Ottar Løvoll, Ørsta IL,
1.39.18

2. Per Atle Røe, Ørsta IL,
1.41.31

3. Berth Wilhelmsen, Sykkylven IL, 1.41.48

4. Bård Erstad, Velledalen IL, 1.44.02

5. Steinar Bratli, Ørsta IL, 1.44.58

6. Tormod Noste, Eid IL, 1.46.31

7. Ole Grønning, Valldal IL, 1.47.09

8. Bjørn Harald Harrkjer,
Hareid IL, 1.48.51

9. Jørgen Vollsæter,
Sunnylevn IL, 1.49.46

Birkebeinerrennet 1981
gjekk frå Lillehammer til Rena. Her vart Bård nummer 42 i klasse M 5 med tida
4.03.53.

 -
   

 Det lover godt
for fotballsesongen stod det i Sunnmørsposten.

Berth Wilhelmsen,
Sykkylven IL, vart nummer 85 i same klasse på tida 4.11. 19

Turrennet «Heiåna» vart
arrangert av Engesetdal IL den 7.mars (Bård sin fødselsdag) 1981

Resultat klasse M 5:

1. Per Atle Røe, Ørsta IL,
1.36.50

2. Berth Wilhelmsen, Sykkylven IL, 1.40.24

3. Bård Erstad, Velledalen IL, 1.40.47

4. Steinar Bratli, Ørsta IL, 1.40.53

5. Jan Modell, Ravn, 1.45.55

6. Ola Grønning, Valldal IL, 1.46.34

Breimstafetten. Bård
Erstad sprang på Velledalen IL sitt lag som vart nummer tre i klasse B

1. Volda T& IL, 26.10

2. Vik IL 2.lag, 26.32

3. Velledalen IL, 26.38

4. Norangdal IL, 27.08

Velledalen IL sitt lag:
Terje Aurdal, Jan Egil Årnes, Jarle Svindseth, Einar Fet, Bård Erstad, Svein
Martin Lid, Atle Hole, Kai Skylstad, Ove Skylstad og Nils Petter Støyva.

Holmenkollstafetten. Andre
helga i mai 1981 deltok Bård Erstad på Velledalen IL sitt lag i
Holmenkollstafetten. Laget kom inn på 54.42, som er klubbrekord for Velledalen
IL i denne stafetten. Laget i 1981: Einar Fet, Jan Egil Årnes, Kai Skylstad,
Atle Hole, Bård Erstad, Terje Aurdal, Bjørn Vanebo, Nils Skylstad, Nils Petter
Støyva, Jarle Svindseth, Ove Skylstad, Pål Rune Fet, Svein Martin Lid, Sveinung
Grebstad og Per-Gunnar Holmberg.

Bård Erstad spela
fotballsesongen 1981 for VRF sitt A-lag i 4.divisjon. Ingen stor sesong, men
laget berga plassen i divisjonen. Laget var sommaren 1981 til Danmark på
treningsleir. Per Rich. Hunstad var A-lags trenar.

Høgdepunktet i sesongen
var at laget slo seg fram til 1.ordinære runde i NM-cupen. Her møtte VRF
elitelaget Molde på Dalemyra stadion. Romsdalingane vann kampen med 2-0.

Elles mønstra Bård på i
testløp til stafettar, i klubbrenn på ski og i større og mindre stemne i
hesteskokasting. Som vi skjønar; mannen var ikkje tung å be!

Det var dette året VRF
spela kamp på Vigra (mot Valder)fredagskvelden før Holmenkollstafetten. Bård
med fleire sette seg rett i bilen etter kampen og køyrde til Oslo natt til
laurdag. Grytidleg laurdagsmorgonen, før Bondeheimen opna, var gjengen på plass
i Oslo. Det var denne morgonen, andre laurdag i mai i 1981, at Bård ovåt
frukost på Bondeheimen i Oslo i slik grad at mot slutten av måltidet vart han «overvaka»
av dei tilsette.

Laurdagen elles gjekk med
til å gjere seg kjende med løypa/ etappane. Stafetten gjekk på sundag. På
VIL-rekord 54.42. Bård var med sine 38 år eldstemann på laget. Etterpå køyrde
vi heim att. Minnest vi tok nokre smørbrød på Pollfoss like før midnatt, og var
framme relativt tidleg natt til måndag. Måndag var arbeidsdag for alle. Gode 40
års minne!

Gratulerer med 78 års dagen, Bård!

Atle Jomar