Ingrid har kontroll på Koppen
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2021
Dette er heller ikkje overraskande. Folket på Brøvoll/Hjorthol har
dominert, og nærast hatt hevd på premiane på denne posten, i årevis. Ingrid
Brudevoll vann posten i 2020, og alt tyder på at slik vert det også i 2021.
Meldaren vår var på
posten28.februar om lag klokka 15. Då var stoda slik:
82 turar: Ingrid Brudevoll
51 turar: Anita Hjorthol
35 turar: Lars Hjorthol
14 turar: Åge Vanebo
13 turar: Eldrid Myhre
Like ved: Svein Helge
Hjorthol med 11 turar.
Det er sju månadar att av
sesongen , og såleis fullt mogleg å greie ei topp-5 plassering med god margin.
God tur!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024