Lasse Lundstad sterk i Holemarka

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Feb 2021

Lasse Lundstad har aldri
tidlegare vunne nokon av Velledalen IL sine 15 trimpostar. Men han kom sterkt
mot slutten av fjorårs-sesongen, så heilt overraskande er ikkje tetplassen.

Elles kan vi melde om
solid besøk - og gode forhold, anten ein går frå Lade eller Hole. Så godt som
snøfritt då meldaren vår var innom posten 28. februar om lag klokka 10.00.

Då var stoda slik:

136 turar: Lasse Lundstad 71 turar: Nils Terje Skylstad 45 turar: Susann Osnes 32 turar: Ove Inge Skylstad 32 turar: Myriam van Wunsel

Like ved:

28 turar: Frode Wærøy

Truleg vert det svært
vanskeleg å riste Lasse Lundstad ned frå topplassen, men ei topp-5 plassering
kan vere innan rekkevidde for mange.