Stine Erstad Sørgård vann helgakonkurransen

    Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Feb 2021

    Det kom inn mange rette
    svar (3 brødrepar), og nokre feil. Alle med feil, hadde svara to. Truleg var
    det bror til Lars Kornberg, Artur, som spela desse eit puss. Han kjende dei
    ikkje.

    Premievinnaren vart kåra
    ved loddtrekking, eller rettare med hjelp av bingokinna. Det vart bestemt at femte
    talet VIL-kasseraren kinna ut skulle vere vinnaren. Talet vart 15, som
    var Stine Erstad Sørgård sitt tal. Premie vil kome.

    Namna på spelarane:
      Bak frå v: Bjarne Alnes, Sigbjørn Fet, Johan S. Grebstad, Odd-Kåre Fet,
    Lars Erstad og Rolf Lødøen. Framme frå v: Artur Kornberg, Einar Fet, Erling
    Solsletten, Bård Erstad og Lars Kornberg

    Brødrepar:

    Artur og Lars Kornberg

    Lars og Bård Erstad

    Odd-Kåre og Einar Fet

    Andre moment:

    I 1966 spela VRF på same
    nivå som AaFK og Molde. Hødd var klart beste laget på Sunnmøre denne tida.
    Kampen mot AaFK på Slettegjerde, som biletet er henta frå, enda 1-0 til VRF
    etter scoring av Bård Erstad. Målmann Bjarne Alnes (18) var yngstemann på laget,
    Artur Kornberg eldst. Laget hadde ein særs stødig midtstoppar i Lars Erstad.
    Sterk i hovudspelet, og akkurat rask nok i beina, og god nok å lese spelet, til
    at han rydda opp i dei fleste situasjonar. I motsett ende av bana slepne Lars
    Kornberg med teknikk, finter og iskalde avslutningar. Motorane i laget, var dei
    to kondisjons-essa Einar Fet og Bård Erstad.

    Men framfor alt var dette
    eit LAG, der alle spelarane var stødige og sikre i rollene sine på bana.