«Life is Life»-Alnes fyller 66 år i dag
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jan 2021
«Når man blir 66, fyrst da tar livet til
Når man blir 66, da gjør man som man vil»,
heiter det i ein song.
Ikkje veit vi korleis Leiv
Arne Alnes kjenner seg på 66-års dagen, men ei helsing skal han i alle fall få.
Best kjend som målmann på VRF sitt A-lag i gode og vonde dagar. I 500 kampar. I
yngre år var han også ein dyktig skihoppar.
Leiv er elles kjend for å
like gruppa «Opus». Mest glad er han i «Life is Life», så den bør alle friske
opp att.
Fotoet er henta frå gode
dagar. Nærare bestemt Langevåg stadion i september 1978 og kampen Langevåg-VRF.
Resultat 0-1.
Velledalen IL gratulerer
Leiv Arne med 66 års dagen, med von om at det blir fleire kampar på Dalemyra i
2021 enn det vart i 2020. Bana skal feirast (50 år) fyrste helga i juli. Marit
har sikkert sytt for kake til Leiv i dag.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024