Enorm framgang for Marius

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jan 2021

Sportsleg er Marius
Kalland best kjend i Sykkylven som ein glimrande ungdoms-syklist. No har han
meldt seg inn i Velledalen IL, der han deltek på treningar og løp. Han
debuterte på 5 km under andre løpet i Ålesund Vinterkarusell 12. desember. Då
brukte han 24.27 på distansen under gode forhold.

Ein dryg månad seinare, om
lag i midten av januar, gjorde han unna same distansen på 21.31. Under
vinterlege forhold. Med andre ord ein enorm framgang. Så her er det berre å stå
på vidare, Marius!

Vi har tidlegere fått ein
rapport frå tredje løpet i vinterkarusellen, der dei fleste VIL-løparane var
nemnde. Men Marius Kalland var ikkje med i den oversikta, og det var heller
ikkje Lillian Nykrem. Ho gjorde fine 31.06 på glatt føre.