Anette med «Årets Prestasjon» på kvinnesida

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jan 2021

Arkivfoto
I 2019 vart Anette kåra
til «Årets Idrettskvinne» i Velledalen IL. Men sidan OCR-hinderløpa måtte ta
koronapause, kunne ikkje denne tittelen forsvarast i år. Men Anette har trena
godt, og er vel budd til nye sterke prestasjonar i hinderløypene når det vert
opning for slike løp.

I mai var Anette og
sambuar Nikolai i Velledalen og testa Konradløypa. Anette sprang solo på 17.50,
ei tid berre o-løpar Pernille Ibsen Lervåg og langrennsløpar Kristine Hjellbakk
Hole (Sunnylven IL) har straffa i konkurranse.

Testløp så seint som i
november viste også at Anette er sterkare enn nokon gong tidlegare.

Men så til løpet som gav
Anette pris for 2020. Det ber namnet «Perseløpet», vart arrangert i oktober
månad på Jessheim. Distansen var 10 kilometer. Anette kom inn på den sterke
tida 40.14. Så langt VIL-Nett kjenner til, er dette klubbrekord for Velledalen
IL på 10 kilometer for kvinner.

Vi gratulerer Anette med
prisen for «Årets Prestasjon» på kvinnesida i 2020!

PS

Om nokon vil teste farta
til Anette er rådet vårt fylgjande:

Legg turen til Ikornnes
stadion. Prøv om du kan springe 1000 meter (to og ein halv runde) på 4.01,4.
Greier du det, har du faktisk farta inne. Anette sprang 10 X 1000 meter, utan
pause, i denne farta.

Greier du som kvinne det,
tek vi av oss hatten
   -
   og bukkar djupt!