God aktivitet i vanskeleg år for Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jan 2021

Velledalen IL har kome
greitt ut av pandemi-året 2020. Mykje aktivitet er lagt bort, men mykje har
også vorte gjennomført. Utøvarane våre har levert, mellom anna med bestetider
for klubben både på 10 km, halvmaraton og maraton for herrar, og på 10 km for
kvinner. O-gruppa fekk ikkje arrangert haustsamlinga si, men leverte gode
resultat i løpa som var, med heile tre KM-titlar.
Konradløpet og
Førjulsmessa vart ikkje arrangert i 2020. Likevel har vi mykje å feire/vere
glade for siste året. Prisjuryen som står ansvarleg for prisane har vore:
Henning Tandstad (leiar), Ove Inge Skylstad,
Hege Ø. Bårnes og Ann-Helen Hole. Dei næraste dagane vil ein på nettet kunne
lese kven som vart prisa for Idrettsåret 2020
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024