Opna for påmelding til Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jan 2021
Difor opnar vi for
påmelding for Hovudløpet. Om det blir eit MiniKonrad så har det påmelding ved
start, så det kjem vi tilbake til på eit seinare tidspunkt. Dessutan skal det
som vanleg ikkje betalast for påmeldinga no, men ved henting av startnummer
30.april. Med andre ord ingen risiko for å tape pengar, slik det kan vere andre
stadar.
Nyleg har det vore
arrangert større løp både i Ålesund og Tromsø – innanfor dagens
covid-19-regelverk. Difor let dette seg også gjere her, om viljen er tilstades.
Mest truleg er det opplegget vi har hatt i Velledalen Grendahus etter løpet,
som vanskelegast let seg gjennomføre. Og det kan bli sett eit øvre tak på
deltakarar vi kan ha med.
Mange av oss treng eit mål
og sjå fram mot – meld deg på Konradløpet 2021 no, så blir du i alle fall ikkje
kutta ut på grunn av sein påmelding!
Påmelding her
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024