Langrenn-stafett med tre januar-born
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jan 2021
Fyrst ringde Roger Hole
frå Austlandet:
-
Eg gjekk fyrste
etappe. Eit av mine beste renn for sesongen. Hugsar eg kjempa hardt med
Sykkylven IL sin startmann, Bengt Ronny Lyshol. Han var to år yngre,
KM-vinnar individuelt og ein skarp løpar. Eg
veksla som nummer tre og vi hadde Sykkylven IL bak oss.
Seinare ringde noverande
langrennsleiar, Svein Arne Nakken:
-
Eg hugsar
stafetten, men lite detaljar. Eg har snakka med ordføraren om dette, utan at vi
veit 100 prosent sikkert kven som gjekk 2. og kven som gjekk 3. etappe. Men
personleg trur eg Odd gjekk 2.etappe akkurat denne gongen og eg tredje.
I så fall var det Svein
som slost med strandarane på siste etappe.
Velledalen IL
mønstra same tre karane under FM-stafetten på
Bondalseidet som under KM-stafetten. Det vart 10. plass i KM og 11.plass under
Fylkesmeisterskapet. Alle tre karane på laget fyller 55 år i januar 2021. Roger
fyrst ute 3.januar før Svein Arne (28.jan) og Odd Jostein (29.jan) kjem
halsande etter i slutten av månaden. Berre for å ha nemnt det, Sykkylven IL
vart nummer tre i KM og fire i FM.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024