Rekord: 34 515 grasrotkroner til Velledalen IL i 2020

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jan 2021

-
   

 Dette var
kjærkome. I eit år utan Konradløp og Førjulsmesse set laget uendeleg pris på
dette fine resultatet. Ikkje berre pengane, men at talet spelarar som støttar
Velledalen IL har auka frå 94 til 106 siste året gir oss ein ny kveik, seier
kasserar Henning Tandstad i ein kort kommentar før han legg ut på tur
1.nyårsdag.

Og med slike tal kan vi
skjøne kasseraren er nøgd. Laget fekk inn 34 515 grasrotkroner på 106
spelarar ved årets slutt i 2020. Den gamle rekorden frå 2018 lydde på 27 834
kroner. Den gongen med 83 spelarar ved årets slutt. Det betyr at VIL-spelarane ikkje spelar
stort meir per hovud, men har blitt fleire.

Her er tala for dei ti
siste åra. Tal på spelarar ved årets slutt i parentes:

2020: 34 515 kroner
(106)

2019: 27 106 kroner
(94)

2018: 27 834 kroner
(83)

2017: 18 958 kroner
(81)

2016: 18 865 kroner
(76)

2015: 16 422 kroner
(72)

2014: 17 574 kroner
(68)

2013: 19 702 kroner
(67)

2012: 26 762 kroner
(81)

2011: 23 656 kroner
(76)

Totalt over 231 000 kroner
på 10 år, og kring 90 000 på tre siste år.

Beste året i historia
hittil med denne ordninga er nok i 2012, då laget fekk inn 26 762 på 81
spelarar. Den gongen gjekk fem prosent til laget grasrotspelaren sympatiserte
med. Denne prosentsatsen har tre siste åra vore sju, som forklarar noko av den
klare veksten frå 2018. Ved sida av auken i spelarar.

VELKOMEN SOM GRASROTSPELAR
I VELLEDALEN IL!