Mauren, eit godt idrettsnamn i Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2020
Best kjend av «Mauren-gutane»
er nok Frode. Giørtz-sjåføren som vart verva i kafeavdelinga på Nærbutikken i
Velledalen, «smurt» med mokkabønner og kaffi, og kjend som mannen som set ny
personleg rekord kvar gong han startar i eit halvmaraton. 12.mai 2018 debuterte
han på distansen i Ålesund med 1.31.44. Dei neste løpa gav 1.30.25 – 1.27.07 - 1.26.11 – 1.25.59, før han 3. oktober 2020 trykte til med1.25.11 i Gloppen
Halvmaraton.
Denne Frode Mauren har ein
son som driv skihopping. Han heiter Jonny, og er saman med Jan Ringseth dei
einaste som konkurrerer i skihopp for Velledalen IL. Jonny har hatt stor
framgang siste tida, og har nær dobla beste hopplengda si i 2020.
Under Nyttårsmaraton i
Ålesund 30. desember 2020 markerte eit tredje blad Mauren seg. Han heiter
Mathias Røsberg Mauren og er nevø av Frode. Eller sagt på ein annan måte; Frode
er onkel til Mathias, som betyr at Jonny og Mathias er søskenborn.
Mathias er politi av yrke
og er i sin beste alder(30). Han er nybakt far til ei jente (i sommar) og glad
i trening og friluftsliv. Tidlegare spela han fotball, no syslar han med
toppturar og styrketrening. Vi trur Frode skal ha sin del av æra for at Mathias
heiv seg med på ein halvmaraton. Siste tida har karane flittig diskutert fart,
puls og andre moment som spelar inn for å få ei god oppleving av lange løp.
Mathias sitt mål før
debutløpet var å kome under 1.45.00
Det greidde han med glans,
og uttala fylgjande etter løpet:
-
E visste det kunne være realistisk. Så e fulgte med
på klokka for ikke gå på en smell underveis. Planen funka fint den!
Ja, det gjorde den. Mathias kom inn på 1.42.44, etter eit veldisponert
løp. Imponerande veldisponert til debutant og vere.
Ein kan ikkje vente at Mathias
skal gjere som onkelen og setje seks personlege rekordar på seks løp. Men i dag
skil det kring 17 og eit halvt minutt mellom dei to Mauren-karane sine
personlege rekordar. Eit høveleg mål for Mathias må vere at den avstanden har
krympa til neste årsskifte.
Og delmål to: Det året
Frode fyller 50 år, skal du slå han i samløp
Velkomen til Velledalen
IL, Mathias. Vi likte
måten du
gjennomførte halvmaraton-debuten på!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024