Ja, ja, ja Frode Hoprekstad !!
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Des 2020
Gratulerer Frode
Hoprekstad! I dag, 30.desember 2020, fullførte Frode Hoprekstad sin fyrste
heilmaraton. Og han gjorde det med glans. Klokka stogga på glimrande 3.30.40
for mannen som prøvde vill-leie VIL sine Facebook-lesarar med at det var mest
fornuftig å tippe ei slutttid godt over fem timar.
Vi skal ikkje røpe
tippevinnaren no, men vedkomande var imponerande nær den rette tida på 3.30.40.
Og imponerande mange har levert svar, og var opptekne av korleis Frode ville
greie dette. Han greidde det så godt at han vart nummer to i klasse M 50-54, og
nummer 14 av alle som sprang heilmaraton. For ein debut i moden alder!
I same rennet nyttar vi
høve til å gratulere to kvinner med opphav frå nabobygda Stranda. Kari –Anne Ryste
Tryggestad, Sunnylven IL vart beste kvinne med tida 3.27.53, medan Linda Hovde
(dotter til Harry og Birgit) vann klasse K 35-39 på den sterke tida 3.32.54. Ho
spring for Spjelkavik & omegn. Begge to flotte konkurrentar til vår eigen
Frode.
PS. Vi kjem tilbake med
meir stoff frå Ålesund, vi nemner:
Fantastisk klubbrekord av
Constantin på halvmaraton (1.15.29)
Per Inge slo tilbake med tung klassesiger (M 45-49) etter sprekken i Gloppen
Ny personleg rekord
og
klassesiger til Sivert i M 16-17.
Velledalen IL dominerte 5
km løpet med Andres og Frode på topp-3
Flott VIL-debut av Mathis
Røsberg Mauren
Radka nummer tre som
einaste VIL-kvinne
Rust-søstrene imponerte - Annabel klassevinnar i halvmaraton på 1.41.02
Velledalen IL premiert for
flest deltakarar (totalt 9)
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024