Constantin sprang halvmaraton på 1.15.24

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Des 2020

Ådne Andersen frå Dimna IL
var einaste utøvar som slo Constantin, i eit halvmaraton-felt på 150
fullførande utøvarar. Ådne høyrer til i den nasjonale eliten på lange løp, så
det var inga drahjelp å hente der for Constantin. Den kom i fyrste del av løpet
frå ein sykkylving, nemleg Espen Utgård Sæther som no har tilhald i Laksevåg.
Utgård Sæther har tidlegare vist seg fram som ein dyktig syklist, i dag viste
han alle at han kan springe. Den flotte tida 1.17.05 heldt til 3.plass totalt,
og tida er to sekund raskare enn VRF-legenda Einar Fet sin personlege rekord.
Men det skal leggast til at Einar var over 40 år då han gjorde tida.

Men tilbake til
Constantin. I fyrste halvdel av løpet heldt han ei kilometertid på 3.36 per
kilometer. Denne pressa han i siste halvdel av løpet ned til 3.33 per
kilometer. Snakk om debutant! Og tida 1.15.24 er så vidt vi veit det raskaste
nokon utøvar som har representert Velledalen IL nokon gong har sprunge
halvmaraton i godkjend løype.

Og la vi i same slengen
prise søstrene til Constantin, Luise og Annabel Karen. Luise gjorde fine
1.48.10 i klasse K 23-34 år. Annabel Karen vann like godt klasse K 18-19 på
1.41.02, så vidt over minuttet bak VIL-bestetida for kvinner, som o-løpar
Pernille Lervåg har. Det er stort potensiale i familien Rust!

10 beste herrar uansett klasse under Ålesund
Nyttårsmaraton:

1. Ådne Andersen, Dimna
IL, 1.09.01

2. Constantin Rust,
Velledalen IL, 1.15.24

3. Espen Utgård Sæther,
Laksevåg, 1.17.05

4. Øystein Søvik Mårstøl,
Ørsta, 1.19.36

5. Per Myren, Driw AS, 1.19.51

6. Olger Pedersen, Dimna IL, 1.21.48

7. Espen Avset Fredriksen, Averøy, 1.22.37

8. Vegard Sørheller, Oslo,
1.22.43

9. Per Inge Bjørnestad,
Velledalen IL, 1.22.56

10. Håvard Klefstad,
Kongen Marina Løpeklubb, 1.23.08