Feil bestetider på Sivert og Andreas

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Des 2020

Arkivfoto
Rette bestetider – for begge
sprunge under Gloppen Halvmaraton 4.oktober i år – skal vere:

Andreas Mosby Nakken:
1.37.54

Sivert Mosby Nakken:
1.41.28

Andreas måtte til og med
forlate løypa for eit naudsynt ærend i dette løpet.

Desse personlege rekordane
er så vidt kvasse at forholda for løp den 30.desember vil avgjere om dei kan
senkast. Sidan det er vinter er ikkje det sjølvsagt.

Andreas har i 2020 sprunge
Nordvest Halvmaraton på Hareid, BMW Oslo Halvmaraton virtuelt (i Sykkylven) og
Gloppen Halvmaraton

Sivert stod over på
Hareid, men har dei to andre. Så gutane er meir rutinerte på distansen enn ein
kunne få inntrykk av etter fyrste reportasjen.