Måndags-konkurransen: Rett svar og vinnarar
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Des 2020
Det kom inn mange rette svar, men også ganske mange som var feil. Og det
skal seiast; denne konkurransen var ikkje heilt beinsmia.
Det hjelpte lite om ein visste at Bolla vert 80 no
like på nyåret, om ein IKKJE visste når grasbana på Dalemyra vart opna. For dei
som visste at det var fyrste helga i juli 1971, var det enkel rekning å finne
at Johan S var 30 år då hendinga fann stad. «Hendinga» vil seie
fotball-turnering med Sykkylven, Stranda, Hødd og VRF som deltakande lag.
Sidan det var mange rette
svar nytta vi bingokinna – med Arne Emdal Sørensen som nøytral trekkjar – til å
kåre dei heldige. Denne gongen vart det Leiv Arne Alnes og Lars Urke Hjorthol.
Premiar er i kjømda
VIL-Nett gratulerer!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024