Trimpostar: Snittalder topp-10 er 71,3 år

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Des 2020

Siste året fekk Velledalen
IL ei interessant topp-10 liste. Ny, og mannleg vinnar, i ein «idrett» som har
vore dominert av kvinner. Det er klar overvekt av kvinner som
samanlagt-vinnarar. Denne gongen inneheldt topp-10 lista fem kvinner og fem
menn. Hadde det ikkje vore for Jan Kåre Oterhals, hadde dei fire fremste
poeng-sankarane i 2020 vore kvinner.

Og som vi før har skrive;
hatten av for menn og kvinner over 70 år i nærmiljøet vårt. Ser ein på alder
var Jan Kåre Oterhals åleine om å vere i 50-åra, vi hadde tre kvinner i 60-åra
på lista, medan talet på utøvarar i 70-åra var seks. Med Elling Hole (79), som
den eldste. Snittalderen for dei ti beste på lista for
perioden oktober 2019 til oktober 2020 var 71,3 år!

Såleis er det ingen grunn
til å henge med haudet om du er 45 og føler du har passert «fyrste bølgja»!