Trimpostane: Jan Kåre Oterhals (57) sitt store år

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Des 2020

Eigentleg sende Jan Kåre
Oterhals ut eit skreme-skot i 2019. Då stoppa han på 412 turar og 3143 poeng.
Som gav 2.plass i samandraget. Berre Inger Riksheim var betre. Ganske mykje
betre til og med.

Året etter meinte Jan Kåre alvor. Dette VILLE han vinne. Og kven kan
stå mot 600 turar til Bruna trimpost, og meir til…?
  Her er Jan Kåre sine noteringar i perioden oktober 2019 til
  oktober 2020:

600 turar til Bruna
trimpost

30 turar til Brunstadsætra

30 turar til Brunstadkølen

30 turar til Holetindane

1 tur til Regndalen

Med desse tala vart Jan
Kåre Oterhals vinnar av trimpostane Bruna, Brunstadkølen og Holetindane. 100
prosent pålitelege kjelder fortel at mannen
  
hadde fire turar til Holetindane ei veke, før han følgde opp med sju
turar same stad veka etter…!!
 57-åringen vann sjølvsagt samanlagt med poengsummen
5835, som er ny rekord.
 For å nå eit
slikt resultat må ein vere i prima form, ein må vere sta, prinsippfast,
uthaldande og gje avkall på nokre – av det somme vil kalle - «livets goder».

Topp-10 trimpostar Velledalen IL oktober 2019 til
oktober 2020:

1. Jan Kåre Oterhals (57) –
5835 poeng, 691 turar

2. Inger Anne Riksheim
(63) – 4060 poeng, 580 turar

3. Solveig Olsen (68) –
2537 poeng, 362 turar

4. Ingunn Hole Hunnes (72)
– 2485 poeng, 350 turar

5. Ingrid Brudevoll (69) –
2467 poeng, 436 turar

6. Ivar Arne Flo (76) –
2359 poeng, 337 turar

7. Bård Per Erstad (77) –
2236 poeng, 319 turar

8. Grethe Fet (74) – 1880 poeng,
570 turar

9. Odd-Kåre Fet (78) –
1865 poeng, 567 turar

10. Elling Hole (79) – 1764 poeng

Like ved: Alf Petter Bøe (53) – 1735 poeng

Velledalen IL gratulerer
Jan Kåre Oterhals med samanlagt-siger, ny poeng-rekord og å vere vinnar av
postane Brunstadkølen, Holetindane og Bruna!