Solveig Olsen tredje best på trimpostane
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Des 2020
Solveig Olsen har vore fast inne på topp-10 samanlagt i ei årrekkje. Plasseringane har variert litt i området 2.-5. plass. I perioden oktober 2019 til oktober 2020 gjekk Solveig 362 turar, som ho fekk betalt med 2537 poeng. Det heldt til 3.plass, i skarp duell med Ingunn Hole Hunnes og Ingrid Brudevoll som fylgde hakk i hæl.
Topp-10 Velledalen IL sine 14 trimpostar i perioden oktober 2019 til oktober 2020:
3. Solveig Olsen (68) – 2537 poeng, 362 turar
4. Ingunn Hole Hunnes (72) – 2485 poeng, 350 turar
5. Ingrid Brudevoll (69) – 2467 poeng, 436 turar
6. Ivar Arne Flo (76) – 2359 poeng, 337 turar
7. Bård Per Erstad (77) – 2236 poeng, 319 turar
8. Grethe Fet (74) – 1880 poeng, 570 turar
9. Odd-Kåre Fet (78) – 1865 poeng, 567 turar
10. Elling Hole (79) – 1764 poeng, 230 turar
Like ved: Alf Petter Bøe (53) – 1735 poeng
Når berre dei to beste manglar, ser vi at Solveig Olsen hittil er den yngste på lista. Ei liste som er likeleg delt mellom menn og kvinner.
Solveig sine turmål i sesongen har vore:
360 turar til Bruna trimpost
1 tur til dammen Riksheimdalen
1 tur til Koppen
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024