Velledalen IL startar opp att Idrettskulen
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Des 2020
Tidspunktet for oppstart er sett til 19.januar 2021 heiter det i ei melding VIL-Nett har fått om saka.
Aktivitetane vert på kveldstid, nærare bestemt 17.30-18.30
Målgruppa er born fødde i 2012-2015, med andre ord 1.-3.klasse og førskuleborn
Tenkte aktivitetar er:
· Friluftsliv
· Ski og skileik
· Orientering
· Friidrett
· Sykling
· «Vasstilvenning» og symjing.
På grunn av korona-situasjonen vil aktiviteten i starten i all hovudsak gå føre seg utandørs.
Meld interessa di for å vere med til Torild Hole (478 13 001 – torild.hole@xi.no) innan tysdag 8.desember.
Er det spørsmål ein lurer på knytt til dette, kan ein kontakte Torild Hole. Vi håper mange blir med, og det vil kome meir stoff om denne saka utover vinteren.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024