Helgakonkurransen: Premie til Jan Kåre og Svein
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Nov 2020
Trimpost-sesongane går frå
oktober til oktober. Diverre gjekk det ikkje klart fram av spørsmålet kva år vi
var ute etter, sidan vi berre hadde skrive 2007. Var det perioden frå oktober
2006 til oktober 2007, eller var det frå oktober 2007 til oktober 2008…?
Difor var vi snille denne
gongen. Alle som sende inn svar fekk vere med i trekninga. Og vi trekte ut to
vinnarar. Dei heldige denne gongen var Svein Arne Nakken og Jan Kåre Brunstad.
Så tek vi med resultata
frå Myrdalsfjellet trimpost for perioden oktober 2007 til okt. 2008:
36 turar: Kåre Petter
Grimstad
26 turar: Liv Skogvold
26 turar: Marit Hole
25 turar: Nils Terje
Skylstad
15 turar: Eldrid Myhre
Som vi ser litt lavare
dosering enn det Elling Hole køyrer no.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024