Trimpostane: Ingrid mosjonsdronninga i Velledalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Nov 2020

I fjor vart Ingrid
Brudevoll nummer seks med 1871 poeng etter 287 turar. Og best av mosjonistane
busette i Velledalen. Siste året har Ingrid auka tur-dosane ganske hardt, og
fått betalt for det. Med 2467 poeng, og heile 436 turar, har ho for fyrste gong
vist Ivar Flo ryggen i samandraget. Ho er framleis beste velledaling – i år i
særklasse – og ho er berre 18 poeng bak 4.plassen og 70 poeng bak 3.plassen. Og
vi gratulerer Ingrid Brudevoll som den fyrste under 70 år inne på lista over
topp-10. Tek vi ikkje heilt feil jubilerer Ingrid i 2021.

Topp-10 trimpostar Velledalen IL 2020, frå 5.plass og
nedover:

5. Ingrid Brudevoll (69) –
2467 poeng, 436 turar - ungdomsutøvar

6. Ivar Arne Flo (76) –
2359 poeng, 337 turar

7. Bård Per Erstad (77) –
2236 poeng, 319 turar

8. Grethe Fet (74) – 1880 poeng,
570 turar

9. Odd-Kåre Fet (78) –
1865 poeng, 567 turar

10. Elling Hole (79) –
1764 poeng, 230 turar

Like ved: Alf Petter Bøe
(53) – 1735 poeng - ungdomsutøvar

Her er turane til Ingrid Brudevoll i perioden oktober
2019 til oktober 2020:

202 turar til skogsvegen
Hjorthol

116 turar til Koppen

59 turar til
Myrdalsfjellet

23 turar til Brunstadsætra

22 turar til Vellesætra

11 turar til sætreelva i
Holemarka

1 tur Høgsætra

1 tur Regndalen

1 tur hytta Brunstadkølen

Ingrid Brudevoll vann i
2020 Koppen trimpost, og hadde «pallplassar» i skogsvegen Hjorthol og på
Myrdalsfjellet. Prestasjonar å vere stolt av med dagens skyhøge nivå!