Trimpostane: Grethe Fet nummer åtte etter 570 turar
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Nov 2020
Det er ikkje fyrste gongen
at begge personane i eit ektepar slår seg inn på topp-10 lista samanlagt.
Solveig og Kjell Olsen har eksempelvis gjort dette mange gonger. Men i år er
det Grethe og Odd-Kåre Fet det er snakk om. Med Odd-Kåre som nummer ni og
Grethe som nummer åtte. Grethe har to turar meir enn Odd-Kåre til skogsvegen
Fet, og ein tur til Bruna trimpost som Odd-Kåre ikkje har. Elles er turane
deira identiske. Samla har ekteparet siste året 1137 turar til Velledalen IL
sine trimpostar.
Særdeles godt jobba!
Topp-10 samanlagt oktober 2019 til oktober 2020:
8. Grethe Fet (74) – 1880 poeng,
570 turar
9. Odd-Kåre Fet (78) –
1865 poeng, 567 turar
10. Elling Hole (79) –
1764 poeng, 230 turar
Like ved: Alf Petter Bøe (53)
– 1735 poeng
Snittalder topp-10 hittil:
77 år
Grethe Fet sitt turprogram siste året:
353 turar skogsvegen Fet
203 turar skogsvegen
Drabløs 8 turar Brunstadsætra 2 turar sætreelva i Holemarka
1
tur skogsvegen Hjorthol, Vellesætra, Høgsætra Fet og Bruna trimpost.
I alt 570 turar i løpet av
trimpost-året.
Så spørst det – om dei over
70 år framleis held skansen - når vi skal presentere plass nummer sju.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024