Gratulerer til seriemeister Sondre Brunstad Fet

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Nov 2020

Vi har eigentleg gratulert
mannen i ei tidlegare sak, men sundag kveld vart Bodø/Glimt sitt seriegull
spikra ein gong for alle. Sondre kom inn og spela om lag 25 minutt i 2-1
sigeren over Strømsgodset i Drammen.

Det er vel rett å seie at
Bohinen i Ålesund hadde Sondre rangert i området 11-14 i laget sitt. At det
enda med eit utlån til Bodø/Glimt skal den tidlegare FKS-spelaren prise seg
lukkeleg for. På eit Glimt-lag som har levert varene sidan fyrste spark på
ballen i årets serie. Berre bortekampen mot Molde har enda i tap hittil. Såleis
er seriemeister-tittelen i boks alt no. Og Sondre har vore ein dyktig
bidragsytar, med spel frå start i klart dei fleste kampane.

Også tal frå Konradløpet
og «skiverda» viser at det er noko spesielt med denne guten. Sondre debuterte i
Konradløpet som sjuåring. Og han gjekk ikkje. Han ville ha ei så god tid som
mogleg. Klokka stoppa på 26.05.
 Som tiåring sprang han på 21.45. Som 13-åring på
18.45. Som 13-åring vann han siste langrennet for sesongen i Møre og Romsdal
skikrins med drygt 30 sekund.
 Distansen
var tre kilometer. Same året slo han noverande Noregs-einar, Johannes H. Klæbo. Sesongen etter sleit Sondre med kroppen - kanskje overtrening…? – slik at valet mellom fotball og langrenn sa seg litt
sjølv.
 I
dag angrar han neppe på valet han tok i 14-15 års alderen.

Vi gratulerer Sondre som
seriemeister i fotball, og ynskjer lukke til vidare i Bodø/Glimt!!

PS. Vi gratulerer
sjølvsagt resten av slekta hans, med gode velledalingar på Brunstad og Fet i
spissen, i ei slik stund. Slike prestasjonar gjer seg nemleg ikkje sjølv, og vi
veit mange har vore involverte